Om oss

Gloppen Danseveke

Gloppen Danseveke er eit arrangement for barn i alderen 6-12 år, og finn stad i Trivselshagen på Sandane. Her får barna fagleg solid og pedagogisk oppbygd undervisning i ulike dansesjangrar og stilar. Gruppene verte delte inn i to grupper etter alder, som til dømes 7-9 år og 10-12 år. Dette avhenger av kor mange som er påmeldte i kvar aldersgruppe. Gruppene verte leia av same pedagog gjennom heile veka. Opplegget føregår mandag til torsdag frå klokka 08.30 til klokka 13.00. På torsdagen verte arrangementet avslutta med ei open visning for vener og familie i Kulltursalen i Trivselshagen.

Gruppebilete frå Danseveka i august, 2021
Kven er vi?

Grunnleggarane av Gloppen Danseveke er Iselin Kvernevik og Solveig Husevåg Jølstad. Dei har vakse opp på Sandane og fått gleda av det rike kulturlivet som kommunen har å by på. I dag bur dei i Oslo, og har utøvande dans og dansepedagogisk verksemd som sine yrker.
Iselin og Solveig har eit brennande engasjement for å formidle dans til barn, ungdom og vaksne. Arrangørane har drifta Gloppen Danseveke på Sandane sidan 2017, og i år skal dei ta fatt på det åttande året med arrangementet i kulturkommunen Gloppen. Les meir om Iselin og Solveig på «Pedagogane».

Vår visjon
  • - Vidareformidle kunnskap og danseglede til barn i eit sosialt fellesskap
  • - Gje barn ein trygg og kjekk stad å vere
  • - Skape engasjement og verdi rundt dans og kultur
  • - Setje søkelyset på Gloppen som ein viktig leverandør av kultur til innbyggjarar og nabokommunar